Reklamefilmen ”Trenger ikke” reklamerer for bankkort for ungar og avsendaren av reklamefilmen er DNB. Filmen vart publisert i mai 2014. DNB er Norges største finanskonsern og vart grunnlagt 4.desember 2003 og er ein fusjon mellom Den Norske Bank (DNB) og Gjensidige NOR. DNB har hovudkontoret sitt i Bjørvika i Oslo. Målgruppa er foreldre med barn mellom 10 til 15 år.
”Trenger ikke” er ein informerande reklamefilm, det er ikkje ein typisk kommersiell reklame, men på sikt skaffar dei seg kundar og da vil dei tene pengar på det.
Filmen handlar om ein gut som meina at han ikkje treng å gjer noko, han treng ikkje jobb, ikkje utdanning, ikkje rydde romme sitt fordi han hadde bankkort. Da han fortel det til mora at han har bankkort fortel ho at han ikkje har pengar på det. Høgdepunktet er på slutten da guten får vite at han ikkje har pengar på bankkortet. Handlinga er kronologisk.
Filmen forgår i ein by (Oslo). Vi får sjå guten på skulen og hos mora. Personar som er med i filmen er ein gut på 10 år, mora til guten, klassekameratar og ein lærar. Guten er hovudpersonen i filmen. Guten i filmen er overlegen og følar seg vaksen og er betre enn dei andre. (Holdninga til guten).
Det er gratis at oprette en konto