Anders vakna i gutesenga si. Det var som om han ikkje hadde sova i det heile tatt. Lakane lukta reint, rommet var støvsuga, på hylla over lesepulten sto dei gamle bøkane pent ordna. Han lytta etter lydane frå skogen; fuglesong, motorsager eller skot som slo mellom åsane. Men det var stille. Han vrei seg over på sida mot dei tynne kvite gardina. Da hørte han slaga. Tørre regelmessige slag. Han kikket ut av vindauget.
Han fekk ikkje auge på noko, han stirar og stirar men fortsett ikkje noko å få auge på. Slaga forsvann ut i den iskalde natta. Han opna vindauget for å undersøke litt nærmare, men fortsett var det ikkje nokon ting og få auge på. Han snudde seg å la seg tilbake i senga.
Han låg heilt stille, rørte ikkje ein einaste muskel i heile den lange kroppen hans, han var stiv. Så stiv hadde han aldri vært i heile sitt lange liv tenkte han, men plutseleg slo det han at han faktisk hadde vært så stiv ein gong tidlegare… han tenkte tilbake på fortida, tilbake på den tida som han eigentleg helst ville glømme, men ein ting var sikkert! Det var ein ting han tenkte tilbake på med glede
Det er gratis at oprette en konto